Fjellgardshallen AS


Eit krafttak for å fullfinansiere etterlengta heilårs aktivitetstilbod for
hestemiljøet i Bykle kommune
​
Vi treng eit trygt og godt innandørs tilbud for hestar og ryttarar. Dessuten treng vi ny stall i 2018!
​
Vi er veldig godt i gang med alle delar av prosjektet, som vil komme på ca. 15,6 mill. inkl. mva. Målet er at hallen skal stå ferdig seint på hausten i 2018.
Tanken bak hall, stall og klubblokale i Røyrvikåsen på Hovden
I den vesle kommunen vår, har vi eit relativt godt idrettstilbud, med stor vekt på ski- og vinteraktivitetar. Det er imidlertid behov for fleire heilårstilbud, ikkje minst for dei som ikkje er så ivrige på ski. Hestesporten er på lik linje med andre idrettstilbud, viktig i kommunen, men vi treng bedre fasilitetar. Sikkerheten er på langt nær god nok for hesteaktivitet vinterstid og vi treng ein godkjent stall. Mange held på med hest livet igjennom, på ulike nivå. Eit godt hestesportsmiljø vil bety mykje for trivselen til dei som har dette som hobby. Det vil også vere positivt med tanke på «Hyttebyklarar» og besøkande. Forsking viser at barn som har hest som hobby, har eit fortrinn når det gjelder meistring, både på skolen og ellers. Dei lærer å ta ansvar, vise omsorg og forstå kva det betyr å forplikte seg. Vi vil også bidra til å skape ein etterlengta møtestad for barn og unge, i rusfritt miljø utan kjøpepress - ein stad for alle, uavhengig av interesser.
​
Stallplassane vi leiger i dag, i det gamle kufjøset på Fjellgarden Hovden, er i svært dårleg forfatning og har ikkje tilstrekkelig takhøgde, slik at det berre er gitt midlertidig dispensasjon frå Mattilsynet til å bruke dette. Det er uheldig avrenning frå gjødsel grunna sprekkar i betongen og bygget vil ikkje bli oppgradert. Det er i utgangspunktet 6 stallplassar her, men ein nyttar også to provisoriske boksar i ein uisolert del av bygget.
​
Rideklubben vil bidra til ny møtestad for barn og unge, samt eit viktig heilårs aktivitetstilbud med lite fokus på konkurranse - og ikkje minst i trygge omgivelsar.
Ta gjerne kontakt med oss:
-
Leige av lagerplass: Eldri Haugenes, T. 908 38 171 / eldri76@gmail.com
-
Kjøp av reklameplass: Trude Ekroll Mikkelsen, T: 900 24 462 / trude.mikkelsen@istorm.no
-
Leige av stallplass: Yvonne Benjamin Hall, T. 482 36 175 / yvonnelbhall@hotmail.com
-
Kronerulling el. anna: Unn Hovden, T: 915 60 215 / unnhovden@gmail.com

Norgescup jr. langrenn 2016. Heilt bakerst skimtast smøretelt. Hallen blir liggande rett til høgre for desse - og då kan hallen fungere som smøretelt i staden. Det blir også sosial del og toalett, samt p-plassar som vil komme til nytte ved større langrenns- eller rulleskirenn.
Fleksibelt klubblokale med inntil 80 sitteplassar, toalett og kjøkken. Sitteplassar ute når været tillet det (vendt mot utgangspunkt for lysløype/rulleskiløype)
Her vil vi ha kafe på dugnad mange av årets helger og feriar. Denne delen blir viktig for oss, men også for leigetakarar. Ikkje minst ved større ski-/rulleskiarrangement!


Rideareal innvendig blir 20 x 60 meter. På eine langsida kjem 10 stallboksar + vaskespilt (moglegleit til å utvide til ca. 17 boksar). Det blir sjølvsagt også lager for fôr og flis, salrom og alt som høyrer heime i ein stall. På andre langsida blir det lagerplassar til utleige.
